Etter nasjonalstaten: En samtale mellom Saskia Sassen og Thomas Hylland Eriksen
Sosiolog Saskia Sassen skriver i sin nye bok "Toward a Multiplication of Specialized Assemblages of Territory, Authority and Rights" om styring som ikke lenger har sitt senter i nasjonalstaten. Hun er kjent for begrepet "Global Cities".
I en samtale med Thomas Hylland Eriksen i Morgenbladet snakker hun om borgerrettigheter i tida "etter nasjonalstaten" ved hjelp av begrepene "transnasjonalisme", "postnasjonalisme" og ein tredje term som hun kaller "denasjonalisering":
Det transnasjonale og postnasjonale handlar om det som hender utanfor nasjonalstaten, som det at immigrantar er ein del av økonomien både heime og i det nye landet, eller om postnasjonal europeisk borgarskap til dømes, slikt som går utanfor det nasjonale.
Det hender fundamentale endringar i denne transformasjonen som vi lever med og som vi kallar globalisering. Det må involvera det nasjonale statsapparatet, fordi dette er det mest komplekse organisatoriske byggverket som er reist til no, i alle fall i den vestlege verda.
Det skjer altså ei denasjonalisering av spesifikke aspekt av økonomi, samfunn, politikk og kultur. (...) Mykje av denasjonaliseringa blir erfart og fortald som om det var nasjonalt, men det er ikkje det. Difor må vi dekoda det som hender. For kva er for eksempel nasjonalt med pengepolitikken som finansdepartement vedtek?
(...)
Eg prøvar å finna ut kva som hender med borgarskapen under desse vilkåra. (...) Mannen min seier alltid at eg burde ha ein hobby. I 1996 fekk eg ein. Eg byrja telja alle dei små rettane eg som borgar mistar heile tida. Den første gongen eg merka det var Bill Clintons immigrasjonspolitikk. Han fjerna borgaranes rett til å saksøka immigrasjonsmyndigheitene i ein lågare rettsinstans.
Thomas Hylland Eriksen sier blant annet:
Då eg byrja halda kurs om nasjonalisme for 15 år sidan, snakka eg om elektronisk infrastruktur, om veg, tog, post. Dette er institusjonar som blir assosierte med nasjonsbygging, og som er med på å gjera oss til borgarar og som gjev oss rettar. I aukande grad ser vi at vi blir behandla som kundar. Vi har tog så lenge nokon tener på det. Vi er ikkje lenger borgarar.
Desse nasjonalstatane som no administrerer feilskjæra til privat sektor, dei har gjeve opp sine historiske oppgåver. Nasjonalstatane sluttar å skapa borgarar, og dei sluttar å følga opp dei pliktene dei har overfor oss. Det er ei denasjonalisering, men ikkje nødvendigvis transnasjonalitet. Det er eg einig i.
>> les hele saken i Morgenbladet
No feedback yet
Search
Døde lenker?
Nettsider har fått stadig kortere levetid og forsvinner fort igjen. I mange tilfeller finnes det en kopi i Internet Archive på web.archive.org.
Siste kommentarer
- hotwoman on Bedre arkitektur = bedre samfunn?
- lorenz on For mer kulturrelativisme
- Nargis Wolasmal on For mer kulturrelativisme
- Jan on Reindrift = samer mot nordmenn?
- David Brustad on Den romantiske kjærlighetens vanskelige kår på glesbygda
Leave a comment