04.08.05: Nyhetsklippet har flyttet til www.antropologi.info/blog/nyheter/.
Her er de nyeste sakene fra den nye siden:
[ Startside ]
Saturday, November 27, 2004, 12:39
Unni Wikan er aktuell med bok om venene sine i Kairos bakgater
Klassekampen
«Medmennesker» er tittelen på boka, og fleirtalsforma mennesker er viktig her. Det handlar ikkje om islam, fundamentalisme eller det arabiske Mennesket, med stor M. Men om einskildindivid, om over 100 menneske som professor i sosialantropologi Unni Wikan har følgd meir eller mindre samanhengande gjennom 35 år i fattigstroka i Kairos bakgater. Og ved å fortelje om dei, om deira liv, deira problem og deira gleder, fortel ho samstundes noko om oss.
- Utgangspunktet mitt er det partikulære, eg må alltid ta utgangspunkt i menneskeliv og menneskelagnader. Alle liv er unike og fyrst ved innsikt i eit menneskeliv kan eg forstå samanhengane som gjer at eg kan kome vidare som forskar, seier Wikan.
Men når dei partikulære historiene er fortalde, er generaliseringar uunngåelege og ynskjelege. Og ei av dei historiske utviklingslinene ho på denne måten får demonstrert, er utviklinga frå eit ope, moderne og liberalt samfunn på 70-talet til eit meir lukka, strengt og fundamentalistisk samfunn i dag. >> les mer
No comments yet.
Admin login | Script by Alex