<< tilbake til antropologi i nyhetene

KOPI! Teksten er blitt fjernet


Forskings-Noreg søkjer seg frå forstanden

Kvart år brukar dei beste hovuda i Noreg hundrevis av årsverk på å skrive og evaluere søknader om forsk-ingsmidlar. Dei fleste får nei. Ingen veit kva dette enorme apparatet kostar samfunnet.

Per Anders Todal, Dag og Tid 41/2004

Det kan i utgangspunktet lyde som eit fornuftig prinsipp, det som så mykje av norsk forsking blir styrt etter: Ved å late forskarane konkurrere om forskingspengane – anten dei kjem frå Forskingsrådet, EU eller andre kjelder – kan ein sikre at berre dei beste prosjekta får pengar, og ein får meir styring med kva slag forsking det skal satsast på. Men ved nærare ettersyn er det kanskje ikkje så lurt likevel. For det å skrive desse søknadene er svært arbeidskrevjande, det er av den dyrebare tida til dei best utdanna menneska i landet – og dei fleste får avslag. I 2003 fekk til dømes Forskingsrådet inn 5518 søknader, og 1880 – litt over ein tredjedel – vart innvilga. Det er òg eit stort arbeid å evaluere søknader om forskingspengar, og det skal gjerast i den dyrebare arbeidstida til dei beste fagfolka på feltet.

Verst er kanskje stoda for unge doktorgradskandidatar, som må søkje seg frå det eine mellombels engasjementet til det andre. Faste forskarstillingar er berre ein fjern draum for dei fleste. Kanskje får dei eitt eller to postdoktorstipend på to-tre år, kanskje ikkje. Uansett får dei neppe fast arbeid på noko universitet dei første ti åra etter doktorgraden. Men dei blir veldig flinke til å skrive søknader.

I ei tid da alle sider av norsk forsking skal evaluerast i største detalj, er kanskje det mest forbløffande dette: Ingen veit kor mykje alt søknads- og evalueringsarbeidet kostar samfunnet i form av arbeidstid og pengar. Om nokon skulle kunne svare på dette, måtte det vere NIFU, Norsk institutt for studier av forskning og utdanning. Men dei veit ikkje svaret.
– Eg kjenner ikkje til nokon tal på dette området, seier NIFU- forskar Ingvild Marheim Larsen.
– Men det er jo ganske opplagt at det skjuler seg meir tid brukt til søknadsskriving bak dei aukande eksterne midlane ved universiteta og høgskulane.

– Dårleg ressursutnytting

– Dette systemet er slett ikkje rasjonelt, meiner Kolbjørn Hagen, leiar i Forskarforbundet.
– Når berre eit mindretal av søknadene til Forskingsrådet gjev utteljing, går det med mykje arbeidstid til å skrive søknader som ikkje gjev pengar. Det er ei dårleg ressursutnytting. Og å søkje pengar gjennom EU-systemet er ikkje lettare, heller tvert imot. At dette arbeidet kostar mykje tid og pengar, er det ikkje tvil om. Men eg veit ikkje av statistikk som syner kor mykje.
– Men folk har kanskje nytte av søknadsarbeidet dei har gjort, også med søknader som blir vraka?
– Eg for min del kan ikkje seie eg har fått særleg nytte ut av søknader som ikkje fekk utteljing. Ein får heller ikkje mykje tilbakemelding på kva som var gale med søknaden, berre ei melding om at «vi hadde avgrensa midlar». Det er lite produktivt, seier Hagen.
– Det må vel vere ei kvalitetssikring av forskinga?
– Sjølvsagt. Men Forskingsrådet innrømmer òg at dei avslår veldig mange gode søknader. Det å lage ein god søknad om forskingsmidlar til EU eller Forskingsrådet er ein kjempejobb. Dei aller fleste forskarar eg snakkar med, brukar mykje tid på dette. Når ein er kvalifisert til å bli forskar, burde ein i det minste ha krav på eit minimum av finansiering som ein ikkje treng å konkurrere om. Det finst altfor lite pengar som institutta kan disponere sjølve.
– Denne konkurransen er vel tenkt å stimulere til kvalitet og produktivitet?
– Ja, men når så lite blir innvilga, fungerer det ikkje slik. Det er eit paradoks at så mykje arbeid blir brukt på noko som ikkje er produktivt i det heile.
– Korleis har vi kome hit, da?
– Over tid har vi hatt ei gradvis utvikling mot meir konkurranse. Det er greitt med konkurranse om kvalitet blir lønna. Men når mange gode søknader blir vraka, er det noko gale.
– Det verkar paradoksalt at ein ikkje veit kva desse søknadsprosessane kostar, når så mykje anna skal målast og evaluerast?
– Når tidsbruken til å skaffe midlar tek slik overhand som no, burde ein vite kva det kostar. Og erfarne forskarar brukar dessutan veldig mykje tid til vurdere og rangere søknadene. Dette blir ein løynd kostnad for samfunnet. Og systemet skaper stor frustrasjon, når folk får avslag etter avslag. Det er eit dårleg utgangspunkt for kreativitet og forsking. Frustrasjonen er òg ein løynd kostnad: Folk kjenner seg ikkje verdsette, seier Hagen.

Taper talent

Så er det spørsmålet om dei nyutdanna doktorgradskandidatane. Etter doktorgraden kan dei søkje om postdoktorstipend på to-tre år, men det er slett ikkje nok slike stipend til alle. Mange blir gåande i årevis med lausarbeid på ulike prosjekt, ei kontinuerleg søking frå år til år, før dei som 40-åringar kanskje er så heldige å få ei fast stilling.
– Denne situasjonen blir enda verre med den nye universitetslova, som opnar for enda meir mellombels tilsetjing på prosjekt. No kan folk gå i mellombels arbeid i opptil 12 år etter postdoktorstipendet, seier Kolbjørn Hagen.
– Først lèt ein dei beste studentane få ei forskarutdanning, så må dei bruke mykje tid på å konkurrere med kvarandre i staden for å drive med det dei burde.
– Påverkar dette yrkesvalet til folk etter doktorgraden?
– Det er klart. Det er altfor få postdoktorstipend til nye doktorgradar. Samstundes skjer ei forgubbing i fagmiljøa. Folk som vi har bruk for om få år, får ikkje brukt evnene sine til å forske på det dei er opptekne av. Difor forlèt mange av dei forskinga for godt.
– Forsking burde vel vere eit felt der ein tenkte langsiktig?
– Det er veldig viktig. Til ein viss grad har styresmaktene innsett det, og oppretta ein del senter for framifrå forsking. Men der er det eit forsvinnande lite mindretal som får jobb.
– Er det rett og slett for mange som tek doktorgraden, sidan systemet ikkje har plass til alle?
– Vi har ikkje for mange doktorgradskandidatar. Tvert om, vi treng å utdanne fleire enn i dag. Men det er for lite pengar i systemet til å ta imot dei, seier Kolbjørn Hagen.



– Eg trur systemet er rasjonelt

– Det går nok nokre timar til kvar søknad, seier assisterande direktør i Forskingsrådet, Svein Erik Høst. Men tal har han ikkje.

Høst kan ikkje svare på kor mykje tid og pengar søknadssystemet kostar – ikkje eingong kostnadene internt i Forskingsrådet.

– Vi har ikkje intern timeføring på dette. Men ei evaluering av Forskingsrådet syner at vi kjem godt ut av det internasjonalt. Om ein samanliknar budsjettet vårt med talet på søknader vi behandlar, framstår vi som ein effektiv organisasjon.

– Har de tal på kostnadene ved å få fagekspertar til å vurdere søknadene?
– Nei, det blir i så fall råtipping. Fagekspertane er så ulike, i kor mykje tid dei brukar og kor grundige dei er, og søknadene er så ulike. Eg veit ikkje om det finst nokon tommelfingerregel. Men det må vel gå nokre timar til kvar søknad.

– Dette er usynlege utgifter?
– Det kan du kanskje seie, ja.

– Og du vil ikkje tippe på kor mykje tid som blir brukt til søking og evaluering på landsbasis?
– Nei, det blir meiningslaust. Det er i alle fall umogleg å seie kor mykje tid som går med til søknadsarbeidet.

– Dette finansieringssystemet skaper mykje frustrasjon blant forskarane?
– Ja, mange klagar sterkt over det. Samstundes er det mange forskarar som ønskjer seg fleire forskingsråd å søkje til, og da blir det jo enda meir søknadsskriving.

– Med all tida som går med til søking og evaluering: Er dette systemet rasjonelt?
– Eg trur det er rasjonelt. Men det kan nok gjerast enda meir effektivt. Vi kan bli flinkare til å informere om pengar som er tilgjengeleg, og om dei faglege avgrensingane til programma, så folk unngår å sende søknader som er irrelevante. Men ein kan ikkje hindre folk i å prøve seg, heller. Målet er å skape ein konkurransearena der dei beste prosjekta blir finansierte.

– Er det ikkje eit paradoks at kostnadene ved dette systemet ikkje er kjende, i ei tid der alle sider av forskinga blir målt og evaluert?
– Ja, nei, eg veit ikkje det. Eg veit til dømes ikkje om det er veldig meiningsfylt å føre detaljerte timelister over kor mykje tid vi i Forskingsrådet brukar på søknadene. Men hovudkostnaden ligg nok utanfor Forskingsrådet, i søknadsarbeidet og hos ekspertane som vurderer søknadene. Dei årsverka våre 300 tilsette brukar på søknadsbehandlinga blir nok lite i samanlikning.



– Det er mykje fåfengt arbeid

– Den enorme evalueringa, kontrollen og rapporteringa stel veldig mykje tid. Eg er ikkje sikker på at denne ressursbruken er så fornuftig, seier statsvitar Stein Kuhnle.

– Ja, dette er eit godt tema, seier Stein Kuhnle, professor i statsvitskap ved Universitetet i Bergen, når Dag og Tid presenterer emnet. Kuhnle har lang erfaring med søknads- og evalueringsmaskineriet frå ei rekkje store prosjekt, både som søkjar og evaluerar.

– Eg har ikkje finrekna på min eigen tidsbruk på dette, men det går utan tvil mykje tid med – til søknader, rapportering og evaluering. Ein svensk professor sa til meg at han brukte omtrent eit månadsverk i året på slikt arbeid. Om alle gjer det, blir det svært mykje til saman.

– Men dette er kostnader som ikkje synest som ein budsjettpost?
– Nei, det dukkar ikkje opp nokon stad. Og det er mykje fåfengt arbeid, fordi mange søknader får avslag. Det er eit kolossalt apparat, og vi burde absolutt hatt data som synte kostnadene, seier Kuhnle.

– Det finst mykje frustrasjon over dette, både i Noreg og i andre land. Å skaffe midlar gjennom EU-systemet krev kolossalt med krefter, det nålauget er enda trongare enn Forskingsrådet sitt. Det er framleis mogleg å lage mindre prosjekt innanfor universiteta, men presset aukar for å skaffe pengane utanfrå. Vi skal heile tida tenkje «stort», men det er jo ikkje alle som skal byggje ein Airbus.

– Er dette finansieringssystemet rasjonelt, synest du?
– Eg kunne nok ha tenkt meg eit enklare system. Ei evaluering bør det sjølvsagt vere. Men den enorme evalueringa, kontrollen og rapporteringa stel veldig mykje tid. Eg er ikkje sikker på at denne ressursbruken er så fornuftig, samfunnsøkonomisk sett.

– Kvifor har vi fått eit system som så mange forskarar er misnøgde med?
– Det er sterke krefter som meiner ein må ha kontroll med kva det skal forskast på. Det er i og for seg forståeleg, det handlar om store summar. Men kva som er mest samfunnsnyttig, er ikkje noko enkelt reknestykke.

– Ligg det ein mistillit til forskarane under: «Om dei får frie tøylar, brukar dei tida si på alt mogleg tull»?
– Eg veit ikkje om det er mistillit, heller. Eg kan ikkje heilt forklare kvifor dette systemet har blitt så stort. Men det ligg nok ein slags marknadstankegang i det, der ein skal konkurrere om alt.

– Etter doktorgraden må dei fleste søkje seg frå prosjekt til prosjekt i årevis. Kva følgjer får det?
– Det skaper stor uvisse, og det går ut over rekrutteringa. Du skal ha stor tru på deg sjølv for å satse på ein forskingskarriere. Vi har problem med å tiltrekkje oss dei beste, når det er så usikkert om dei får forske på det dei vil. Vi som byrja å forske på 70-talet, var privilegerte, og fekk stort sett velje tema ut frå faglege interesser. Noko interessant og nyttig har det vel kome ut av det òg, seier Stein Kuhnle.

© Dag og Tid







<< tilbake til antropologi i nyhetene