Makt og motstand - Kva tyding har kjønn i relasjonar på tvers av minoritet og majoritet? (Oslo)
10. og 11. januar 2008, Universitetet i Oslo.
Minoritets- og majoritetsrelasjonar i eit fleirkulturelt samfunn er blant anna relatert til etnisitet, religion, landbakgrunn og urfolksgrupper. Konteksten vil ha tyding for på kva grunnlag gruppedanning skjer og kva konsekvensar det har. Målet for denne konferansen er å analysera og diskutera minoritetar og majoritetar i lys av kjønn og klasse. Fokuset vil bli retta mot både mot symbolske representasjonar, sosiale relasjonar og samfunnsstrukturar, samt korleis dette er relatert til kvarandre. Ulikskapsdimensjonar som etnisitet, religion og landbakgrunn kan vera grunnlag for diskriminering, mobilisering og forestillingar om ”oss” og ”dei andre”. Korleis blir minoritets- og majoritetsrelasjonar konstruerte innanfor institusjonar, organisasjonsliv, media og forsking?
FEMM-nettverket er eit nettverk som arbeider med spørsmål knytt til feminisme, multikulturalisme og antirasisme. 10. og 11. januar 2008 arrangerer nettverket konferanse for forskarar, studentar, aktivistar, institusjonar og frivillige organisasjonar. Frist for å senda inn abstracts er 20. november.
Hovudtema og problemstillingar for verkstader:
Medborgarskap: Medborgarskap kan tolkast i vid forstand, relatert til rettar, plikter, ressursar og deltaking. Korleis kan omgrepet medborgarskap analyserast og brukast i forsking og aktivisme? Korleis kan ein utvikla ei forståing av medborgarskap i ein fleirkulturell kontekst som tek høgde for dimensjonane kjønn og klasse? På kva måte blir personar og grupper ekskludert frå fullt medborgarskap? Korleis kan ein mobilisera for å sikra likeverdig medborgarskap for alle? På kva måte er medborgarskap knytt til religion og sekularisering?
Representasjonar og forestillingar: Korleis blir bileta av ”dei andre” konstruert innanfor forsking og media? Kva tyding har forståingar av kjønn og likestilling i representasjonar av minoritetar? Kva roller speler religion og sekularisering i forståingar av og forsking på minoritetar? Kva konsekvensar har stereotypiar og diskriminering for minoritetar og korleis reagerer ein på dette? Kva type privilegium er knytt til majoritetsposisjonen i ulike samanhengar?
Blant hovudtalarane er:
Benita Roth, professor i sosiologi og kvinnestudier ved Binghampton University, New York. Professor Roth har studert kjønn, rase og klasse i sosial protest og mobilisering. Ho har mellom anna skrive boka Separate Roads to Feminism: Black, Chicana, and White Feminist Movements in America’s Second Wave, og arbeider for tida med to prosjekt relatert til sosial protest og mobilisering i eit historisk og eit samtidig perspektiv.
Christine M. Jacobsen, post doc ved institutt for sosialantropologi, Universitetet i Oslo. Jacobsen arbeider med prosjektet Prostitution, Gender and Migration. Prosjektet skal undersøkja grenseoverskridande prostitusjon. Det empiriske fokuset er på russiske kvinner som sel sex i Noreg, og målet er å undersøkja korleis kjønn samspeler med andre ulikskapsdimensjonar som klasse, etnisitet og nasjonal tilhøyrsle.
Meir informasjon om konferansen vil leggjast ut på FEMM-nettverkets heimesider etterkvart. Sjå http://www.skk.uio.no/forskning/nettverk/maktogmotstand.html