“Kanskje det ikkje er så stor skilnad på feltarbeid og arbeidsliv?”

For ikke så lenge siden sprang Ragnhild Therese Nordvik med en ungdomsgjeng gjennom gatene i Bolivia. Nå er hun
daglig leder i SAIH (Studentenes og akademikernes internasjonale hjelpefond) – og månedens antropolog. Forskjellen mellom feltarbeidet hos gjengen og lederjobben er mindre enn en skulle tro, skriver hun i sin tekst på hjemmesiden til Norsk antropologisk forening: Som antropolog prøver hun fortsatt å finne ut hvordan ting henger sammen:

Eg brukte eit halvt år på å stå og fryse på ein plaza, prøve å omsetje Eminem og 50 Cent sine tekstar frå jukeboksen på spelebula til stadig mindre imponerte gjengungdomar, finne strategiar for å unngå å verte overskjenka på festar, prøve å finne ei meining bak vald og valdtekter i ein gjeng som omtala seg som ein stor familie, og prøve å finne ut korleis alt dette kunne henge saman.

I dag heng eg meir på seminar om økonomistyring i frivillige organisasjonar, prøver å omsetje bistandsstrategispråk til den røynda vi opplever, finne strategiar for å motivere og få det beste ut av mine flinke medarbeidarar, og prøve å finne ei meining bak dei fine orda i PRSP-ar, regjeringa sine strategidokument og diverse FN-konvensjonar. Og framleis prøver eg å finne ut av korleis alt heng saman. Kanskje det ikkje er så stor skilnad på feltarbeid og arbeidsliv trass alt?

Antropologi er for henne ikke et fag, men et livssyn:

Kjerna av antropologi handlar ikkje om studiepoeng og endelege teoriar, men det er eit overordna rammeverk, ein måte å sjå på livet på. (…)

Å vere antropolog er mellom anna å vere nyfiken, open og prøve å forstå. Det er å tenkje: ”Kvifor meiner ho det?” og ikkje berre ”Ho tek feil”. Antropologar har lest, lært og erfart at det fins så mange ulike måtar å organisere og forstå samfunnet på, og at alle dei ulike måtane har ein intern logikk. Dette gjer oss – vonleg – meir opne for å stille spørsmålet: ”Fins det andre måtar å sjå på dette på?”, og så prøve å forstå desse andre måtan.

>> les hele teksten på NAFs hjemmeside

Ragnhild Therese Nordviks hovedoppgave om ungdomsgjengen er lagt ut på nettet:

Ragnhild Therese Valverde Nordvik: Å leve på kanten. Fellesskap og identitet i en ungdomsgjeng i El Alto, Bolivia

I Bistandsaktuelt 5/2005 ble hun beskrevet som “en typisk representant for de mange unge velkvalifiserte kvinnene som jobber med bistand”.

SE OGSÅ:

“Nesten som på feltarbeid” – Månedens antropolog på jobb i Uteseksjonen

Månedens antropolog: – Antropologifaget verdifullt for troverdig kommunikasjon

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *