Landbruk: Etiopia viser veien
Etiopia assosierer mange med tørke og hungerkatastrofe. Men landet har et av verdens vakreste kulturlandskap og et innovativt landbruk som også Norge kan lære av, forklarer antropolog Dag Jørund Lønning i en kronikk i Nationen.
Etiopias landbrukslandskapet burde minne oss på at det fins flere veier til utvikling og at størst ikke alltid er best, skriver han:
Ferske landbruksvarer er tilgjengelege i rikeleg monn på marknaden i ein kvar etiopisk by. Dette skjer innanfor ein landbruksstruktur der gjennomsnittsgarden er på 0,7 hektar, eller 7 mål om ein vil! Der økonomane i vår tid har rekna seg fram til at ein bonde i vesten må ha mange hundre mål «for å kunna leva av det», som det så fint heiter, livnærer desse etiopiske småbruka heile familiar både i høve basismat og innkjøpsvarer.
Det etiopiske landbruket er et eksempel på en form for utvikling som kalles involusjon:
Involusjon er prøving og feiling med basis i dei ressursar som naturleg finst på staden. Nøkkelen til suksess innanfor denne produksjonsformen er kreativitet. Den som er mest nyvinnande i bruken av dei lokale ressursane, er også den som tek første steget vidare. Samstundes kjem det heile tida impulsar utanfrå.
Han forteller også om et eksempel på hvordan etiopiske bønder intensiverte matproduksjonen på sine egne premisser uten intensive produksjonsmodeller og giftig kunstgjødsel.
For å dyrke en ny rissort har hele landsbyen slått seg sammen:
Arbeidet skjer med dei same gamle trereiskapane. Det er framleis oksen som pløyer opp jorda, og den einskilde familiemedlem går etter med trehakker. (…) Den store løyndomen i det produktive etiopiske landbruket er tilgjenge på arbeidskraft. Både store og små, mannlege og kvinnelege hender er i arbeid på familien sitt jordstykke.
Overskotet, både i form av basisvarer og byttekapital delest også. Trengst det til enno meir krefter, trer ein urgammal tradisjon i kraft. Hushaldet bryggjer øl og lagar til mat, ofte tilbyr dei og musikk og underhaldning. I bytte gjev gjestene nokre timar med arbeid. (…)
Innføring av denne nye rissorten er ei radikal nyvinning som kan gjera livet betre for mange menneske. Men det er likevel ei nyvinning som støttar seg 1000-årige reiskap, kunnskap og tradisjonar. Det nye vert her ført inn for å styrka i staden for å utfordra og underminera eksisterande sosial organisasjon og lokal kunnskap. (…)
I overskueleg framtid vil involusjon vera einaste berekraftige veg til matproduksjon og overleving i denne delen av verda. Dette bør me i vesten ikkje gløyma i vår iver etter å selja våre eigne intensive produksjonsmodellar og vår eiga kunstgjødsel.
Jeg har skrevet om Dag Jørund Lønning tidligere, se Månedens antropolog: Fra palestinsk aktivisme til merkevarebygging i Telemark og Telemarkskua, bygdeliv og næringsutvikling
SE OGSÅ:
What anthropologists can do about the decline in world food supply
Hungersnød i Etiopia: Antropolog Svein Ege utfordrer bistandsorganisasjoner
No feedback yet
Search
Døde lenker?
Nettsider har fått stadig kortere levetid og forsvinner fort igjen. I mange tilfeller finnes det en kopi i Internet Archive på web.archive.org.
Siste kommentarer
- hotwoman on Bedre arkitektur = bedre samfunn?
- lorenz on For mer kulturrelativisme
- Nargis Wolasmal on For mer kulturrelativisme
- Jan on Reindrift = samer mot nordmenn?
- David Brustad on Den romantiske kjærlighetens vanskelige kår på glesbygda
Leave a comment