"Journalistikk + sosialantropologi = sant"
Månedens antropolog Synnøve Aarsland har en lignende bakgrunn som meg. Etter å ha jobbet som lokaljournalist i NRK Sogn og Fjordane, holder hun nå på med forskningsformidling. Og hun mener også at antropologi og journalistikk er en utmerket kombinasjon.
I sitt bidrag til serien til Norsk Antropologisk Forening skriver hun blant annet:
Antropologien, ikkje minst feltarbeidet og arbeidet med hovudoppgåva, ga viktig lærdom eg kunne bruke i jobben som journalist. (…) Etter å ha vore på feltarbeid var eg van til kjensla av å skilje seg ut i flokken, vere den som stiller dei rare spørsmåla, som snakkar med alle, både raringar og lokalheltar. Eg var van med å møte folk med ein annan bakgrunn, ei anna ”livsverd” enn det eg hadde sjølv. Og slik var det også å vere journalist. (…)
Som journalist bør du vere på feltarbeid kvar dag. Mantraet frå redaksjonssjefen var alltid: snakk med folk! Gå ut og snakk med ”mannen i gata” og kva som opptek han og finn ut kva som rører seg i lokalsamfunnet. Det er då du får dei gode historiene. (…)
Du må dykke ned på mikronivå. Ei sak om overordna strukturar i samfunnet må underbyggast med folk. Høg og lav. Det globale i det lokale. Det er ofte nøkkelen til god lokaljournalistikk. Dersom du klarer å ta tak i eit generelt problem som gjeld oss alle og belyse det med eit lokalt case, ja då var du garantert å få saka ”på” i Dagsrevyen, Dagsnytt eller Her og Nå. Då hadde vi klart å ”heve” saka, slik vi også gjer i antropologien.
NRK er faktisk interessert i antropologer og andre med en litt annerledes bakgrunn:
I NRK sa dei til meg at dei ikkje vil ha straumlineforma folk med journalistutdanning, der dei kan eit handverk men ikkje noko om den verda vi lever i. Dei vil ha folk med variert fagbakgrunn, gjerne eit språk, gjerne landkunnskap, gjerne økonomi, historie og samfunnskunnskap. Dei vil ha folk som er kritiske og analytiske. Som ikkje tar alt for god fisk, og som tørr å stille dei upopulære spørsmåla, og som er kritiske til makta.
Nå jobber Synnøve Aasland som kommunikasjonsrådgiver ved SV-fakultet ved Universitetet i Oslo. Mye dreier seg om forskningsformidling:
Mi oppgåve er mellom anna å bidra og gje råd til forskingskonsulentar og forskarar i mediehandtering og formidling. Eg har etablert eit digitalt nyhendebrev for tilsette, og intervjuar forskarar, dekan og prodekan om nye og pågåande prosjekt, om fagpolitikk og strategi. Eg leverer innhald til eigne nettsider og skal også i gang med å skrive saker til nettavisa forsking.no. Eg deltek også i fora som er med på å forme dei nye nettsidene ved UiO, og diskuterer forskingsformidling og korleis vi skal profilere forskinga vår betre på eigne nettsider.
>> les hele saken på NAFs nettsider
SE OGSÅ:
Symbiosen mellom antropologi og journalistikk
Why anthropologists should become journalists
Nancy Scheper-Hughes: Public anthropology through collaboration with journalists
Flere antropologiske firmaer: Glocals - journalistikk og antropologi
No feedback yet
Search
Døde lenker?
Nettsider har fått stadig kortere levetid og forsvinner fort igjen. I mange tilfeller finnes det en kopi i Internet Archive på web.archive.org.
Siste kommentarer
- hotwoman on Bedre arkitektur = bedre samfunn?
- lorenz on For mer kulturrelativisme
- Nargis Wolasmal on For mer kulturrelativisme
- Jan on Reindrift = samer mot nordmenn?
- David Brustad on Den romantiske kjærlighetens vanskelige kår på glesbygda
Leave a comment