Universitetet i Bergen knyter band til University of Zululand i Sør-Afrika

På Høyden, UiB

Professor Nils Gilje ved Institutt for kulturstudiar og kunsthistorie, meiner avtalen er viktig. – Dersom vi berre fokuserer på dei tradisjonelt kvite universiteta, står vi, utan å ville det, i fare for å reprodusere ulikskapane frå apartheid-tida. Om vi skulle avgrense oss til dei tradisjonelt kvite eliteuniversiteta, ville vi dessutan fått eit veldig smalt innsyn i det akademiske livet i Sør-Afrika, sier han.

Nils Gilje og Sølvi Lillejord har tatt del i opprettinga av eit senter for folkelege kunnskapsformer ved Unizul, Indigenous Knowledge Systems Unit (IKS). Eit sentralt mål for senteret er å systematisere kunnskap som under det tidlegare politiske regimet vart undertrykt eller neglisjert. >> les mer

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *