Ni av ti får avslag på fri forsking

På Høyden, UiB

Berre 8,5 prosent av dei som søkte Norges forskningsråd om støtte til nye frittståande prosjekt i 2005 fekk tilslag. Dårlegast uttelling hadde dei humanistiske og samfunnsvitskapelege faga. UiB-forskarar fryktar for framtida til den frie forskinga.

For relativt nybakt professor i filosofi, Ole Martin Skilleås, er tala lite oppmuntrande. Han har fleire prosjekt på beddingen, men søker ikkje Forskningsrådet.– Eg ser at sjansen for å kaste bort tid og krefter på søknadsskriving er overveldande, seier han.

Gunnar Håland, professor i Sosialantropologi ved UiB, sendte sin siste søknad til Forskningsrådet i 1968. – Søknaden ville aldri hatt ein sjanse i dag, sier han. Han er uroa over det han meiner er ein internasjonal trend, der forskningsbevilgningene i stadig større grad vert styrt av det han kallar eit ”tankedrepande målstyringsapparat”. >> les mer

SE OGSÅ:
Forskings-Noreg søkjer seg frå forstanden

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *