Første doktoravhandling rett på nett

På Høyden, UiB

Frå 1. mai legg Universitetsbiblioteket ned si bytteverksemd for doktorgradsavhandlingar. Samstundes vil kandidatane bli oppmoda om å gjere avhandlinga si offentleg tilgjengeleg i UiB sitt elektroniske institusjonsarkiv, Bergen Open Research Archive (BORA), før disputas.

– UiB har som prinsipp at det vi produserer av vitskaplege publikasjonar skal vere allment tilgjengeleg, og eg vonar vi greier å skape ein kultur for at dette er viktig, seier prorektor Rune Nilsen, som har ivra sterkt for arbeidet med open tilgang til forskingsresultat. – Talet på siteringar aukar nokså kraftig når publikasjonane er tilgjengelege i institusjonsarkiv. BORA er kopla direkte mot søkemotorar som Google, og det gjer det til eit kraftig verktøy. >> les mer

SE OGSÅ:

BORA klar til bruk, vitskaplege artiklar frå UiB tilgjengelege for alle

Dissertation in Anthropology put online before it will be published as a book

Spesial om Open Access Anthropology

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *