På Høyden, UiB
Frå måndag 2. mai er det slutt på å rote seg vekk i vrimmelen av fagleg informasjon på nettet. Bibliotekportalen gjev eit samla, faginndelt oversyn over kvalitetssikra ressursar som er relevante i studie- og forskingssamanheng. – Grensesnittet i portalen tilbyr ein søkefunksjon som søker på tvers av ressursar, men ein kan også gjere eit utval og søke i dei mest fagleg relevante ressursane, seier førstebibliotekar Hege Folkestad, som er lokal prosjektleiar for implementering av portalen. >> les mer