Religionsdialogen si framtid
Oddbjørn Leirvik, Morgenbladet / Skjervheimseminaret
Kyrkjeleiarane synest å ha kome på god talefot med muslimske leiarar. At majoriteten av kristenleiarar tar avstand frå Fremskrittspartiets islamhets, er såleis i ferd med å bli ein tradisjon. Men for mange er dette likevel nokså usynleg.
Medan Hagen sin karismatiske tale mot islam i sommar fekk enorm merksemd, har kyrkjeleiarane sine stadige åtvaringar mot Fremskrittspartiet ikkje fått tilsvarande oppslag i media. Heller ikkje det tillitsskapande dialogarbeidet mellom kristne og muslimske leiarar gjennom det siste tiåret har media vist noko særleg interesse for.
Media er vel for det meste styrt av den opplyste næringsinteressa, og journalistar veit betre enn andre at dei aspekta ved religion som vekkjer mest interesse hos folk flest er det som har med konflikt, misbruk og helseskade å gjere. >> les mer
No feedback yet
Search
Døde lenker?
Nettsider har fått stadig kortere levetid og forsvinner fort igjen. I mange tilfeller finnes det en kopi i Internet Archive på web.archive.org.
Siste kommentarer
- hotwoman on Bedre arkitektur = bedre samfunn?
- lorenz on For mer kulturrelativisme
- Nargis Wolasmal on For mer kulturrelativisme
- Jan on Reindrift = samer mot nordmenn?
- David Brustad on Den romantiske kjærlighetens vanskelige kår på glesbygda
Leave a comment