Storverk for Marovo-folket: å samle og sikre lokal folkekunnskap

På Høyden, UiB

I 20 år har antropolog Edvard Hviding arbeidd med Marovo-folket i det sørvestlege Stillehavet. No er eit omfattande oppslagsverk over folkekunnskap om natur og miljø klart. UNESCO er utgivar av boka, som går inn i eit større globalt prosjekt for å samle og sikre lokal folkekunnskap ulike stader i verda.

Det er ikkje eit verk som følgjer standard vitskapeleg sjargong etter vestleg mønster. Klassfiseringane er gjort på Marovo-folket sine premissar. Hviding sine tekstar følgjer lokale talemåtar som har modna gjennom deltakande observasjon over lang tid.

– Det er eit poeng for meg å etablere ein dialog mellom Marovo-folket sin kunnskap og vestleg vitskap, seier han. >> les mer

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *