Typisk norsk å vere med i trussamfunn

Vårt Land

I fjor var 94 prosent av den etnisk norske befolkninga med i statskyrkja eller eit anna kristent trussamfunn. Blant innvandrarar i Norge frå muslimske land, er det 70 prosent som er med i eit trussamfunn. – Nordmenn er sterkt lojale til statskyrkja. Tilsynelatande er etniske nordmenn førebels meir religiøse enn innvandrarar, meiner Anne Stensvold. Ho er ein av forfattarane bak Norges første religionshistoriske verk, «Norges religionshistorie».

Boka skildrar korleis norrøn, samisk, kristen og annan religion har skapt symbol, tenkemåtar og ritual som har prega landet vårt i over tusen år. Stensvold håper boka kan styrke kunnskapen om dei ulike religiøse samfunna i landet vårt. Blant anna vier ho eit heilt kapittel til «Amerikansk vekkelseskristendom i Norge». >> les mer

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *