Uniforum, UiO
Om lag 1000 personar deltok i fakkeltoget mot Kristin Clemets forslag til ny universitets- og høgskulelov onsdag 26. januar. To timar tidlegare samla aksjonen for eit fritt akademia over 700 personar i ein fullsett Universitetets Aula.
UiOs gamle rektor, pensjonert medisinprofessor Bjarne Waaler fekk æra av å ta ordet først.
– Det verste er at universiteta gradvis og stegvis blir omforma til veltrimma og tilpassa utdanningsfabrikkar. Den faglege fridomen kan rakna fordi det langsiktige perspektivet blir borte, frykta han.
Antropologiprofessor Thomas Hylland Eriksen vedgjekk at han til dagleg dyrkar ambivalensen.
– No står det derimot så mykje på spel at eg er nøydd til å ta parti. Det handlar ikkje berre om verdiar, men også om definisjonen av kva ein verdi er. McDonaldiseringa er også på veg inn i akademia. Utdanninga må vera gratis, rektor må vera valt, forskinga må vera forskarinitiert og det må vera ein heilskap mellom undervisning og forsking, proklamerte han. >> les mer
SE OGSÅ:
Motstanden mot universitetsloven samles
Thomas Hylland Eriksen: Universitetenes grunnleggende unyttighet (Morgenbladet)
– Vær irrelevant! Intervju med Thomas Hylland Eriksen om fagets situasjon (Dagbladet 8.12.98)
Uniforum, UiO
Om lag 1000 personar deltok i fakkeltoget mot Kristin Clemets forslag til ny universitets- og høgskulelov onsdag 26. januar. To timar tidlegare samla aksjonen for eit fritt akademia over 700 personar i ein fullsett Universitetets Aula.
UiOs gamle rektor, pensjonert…