I siste liten før måneden er over har Norsk antropologisk forening (NAF) kåret månedens antropolog for februar 2006. Dag Jørund Lønning heter han, drev tidligere med aktivisme i Palestina-spørsmål og er nå opptatt av merkevarebygging i Telemark ved Telemarksforsking-Bø (fagområdet natur- og kulturbasert næringsutvikling) Høres ut som har har skiftet side og politisk farge, men det stemmer absolutt ikke. Det fins nok faglige bindeledd og skriver han.
Det er eit stort sprang frå Palestina til norsk bygdeutvikling og småskala landbruk. For mitt vedkomande var likevel det personlege engasjementet for minoritetsinteresser og –verdiar, eit soleklart bindeledd. Den norske småbrukaren er sjølvsagt ikkje fysisk undertrykt slik palestinaren er det, men har likevel stridd mot ein stendig meir urbanisert offentleg debatt, der bygd og småbruk vert kommunisert som noko fortidig og utgåande. (..) For meg har bygdebakgrunnen alltid vore noko eg har vore stolt av, og det vart såleis eit naturleg prosjekt å arbeida profesjonelt mot strukturar og holdningar som nedvurderte denne lokale kunnskapen.
Han er særlig opptatt av den han kaller den "postmoderne bygda":
Garden er ikkje først og fremst næring, men ein måte å bu på, trivast på, uttrykkja personlege interesser på. Nokre av desse vidareutviklar garden for å kunna henta inntekter frå denne, andre kompenserer fallande landbruksinntekter med eksternt arbeid. Men alle gjer dei bygdene rikare, nettopp gjennom arbeidet med å redefinera: Bort frå tal og teknikk, over på trivsel, kultur, identitet, og menneskenære verdiar.
(...)
Først og fremst talar me om sjølvkjensle og trua på at det lokale er noko verdt! Det viktige er såleis å skapa interesse for staden, for det lokale landskapet, for dei lokale ressursane. (...) Kva kan me her som få eller ingen andre kan? Fokus ligg ofte på lokal mat, lokal bygningsskikk, lokal musikk, myter, forteljingar, det spesielle landskapet. Her legg me stadleg kultur og kunnskap i botn for ny utvikling. Det ikkje-standardiserte går frå å vera ei moderne ulempe til å bli ei postmoderne føremon! Forsking på økonomisk utvikling i europeiske bygderegionar syner det same; dess sterkare lokal identitet, dess betre er og den økonomiske utviklinga.
Antropologien har også vært nyttig i landskapsutviklinga. I den offentlige debatten og kulturlandskapsforskninga (dominert av biologer og kulturminnevernere) er menneskene blitt glemt, påstår ag Jørund Lønning.
Når me set mennesket i sentrum for landskapsutviklinga, får me ein alvorleg og dramatisk korreks i høve til rådande regime. (...)
Gjennom omgrepet det kulturelle landskapet har me synt korleis mennesket set kvalitative krav til landskapsutvikling. Det kulturelle landskapet engasjerer, identifiserer, og gjev rom for deltaking. Det moderne og standardiserte produksjonslandskapet kvalifiserer derimot ikkje til å bli kalla kulturelt landskap! Dette er eit privatisert landskap utan kollektiv appell. For det norske landbruket er det heilt avgjerande at det landskapet ein produserer har slik appell. Samstundes kan ikkje dette sikrast utan at kollektivet faktisk slepp til. Me arbeider difor no med fleire større prosjekt der mennesket, som einskilindivid og medlem av kollektiv, får vera med og avgjera korleis landskapsmidlane skal nyttast.
For tida driver han med et doktorgradsprosjekt om bygda som nyskapningsarena.
>> les hele saken på NAFs hjemmeside
MER OM DAG JØRUND LØNNING
Hjemmeside ved Telemarksforskning
Dag Jørund Lønning: Stemningar til sals: Landskap som ressurs i kulturøkonomien
Lanserer Telemarkskua i Europa. Telemarkskua er eit viktig symbol for fylket vårt, sier Dag Jørund Lønning
Bygdeforskinga får juling: Bygde- og region-forskarane har hatt ei tradisjonell og defensiv grunnhaldning til Bygde–Noreg, seier bygdeutviklingsforskar, Dag Jørund Lønning.
Lønning: Mer lønnsomt å la folk fiske gratis
Dag Jørund Lønning gir Telemark stryk for turisme
To rapporter av Dag Jørund Lønning kan lastes ned i fulltekst:
Sykkelturisme i eit kulturøkonomisk perspektiv
Tankar om ungdom og Bygdenoreg i ei brytningstid (pdf)
Siste kommentarer